Paragliderulukke i Gudvangen – kvinne henta frå fjellhylle

Naudetatane er på veg til Gudvangen etter melding om ei paragliderulukke. Ei kvinne i 20-åra er skadd etter at ho hoppa frå Ramsøynuten. Kvinna fekk problem og hamna i fjellveggen, for ho enda på ei fjellhylle. Kvinna varsla sjølv naudetatane om hendinga, fortel Ole Ronny Olsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Luftambulanse og redningshelikopter på staden. Kvinna vart henta ned frå fjellhylla like over klokka 17. Ho har fallskadar og har smerter i ribbein. Ulukka skjedde etter at det var for lite oppdrift. Kvinna har sjølv styrt mot fjellhylla for å lande. Politiet blei varsla om hendinga klokka 15.54 via AMK. Nødetatane er ferdig på stader-