Lyngbrannfaren aukar i Vestland

Med stigande temperaturar og tørr nordavind aukar gras- og lyngbrannfaren i Vestland dei neste dagane. Fram til fredag åtvarar meteorologane mot brannfare på gult nivå. Faregraden ser ut til å vedvare. Einaste håpet om nedbør er nokre dråpar natt til fredag. – Det kan bli fleire dagar på rad utan nedbør av betydning, seier statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis. Han ber folk ikkje bruke open eld i naturen. Det har siste tida vore fleire lyng- og grasbrannar. – Vegetasjonen kan lett ta fyr, så her bør folk vere obs, seier han.