Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Truleg fleirtal for Atløysambandet

Atløysambandet
Atløysambandet

Det vil truleg vere fleirtal i fylkestinget komande veke for å byggje Atløysambandet. Dette trass i at fylkesdirektøren i Vestland meiner prosjektet til 2 milliardar kroner er for dyrt og vil skrinlegge fastlandssambandet mellom Atløy og Askvoll i ytre Sunnfjord. Gruppeleiar for Høgre i fylkestinget, Silja Ekeland Bjørkly, forklarer kvifor partiet seier ja. – Vi står på det vi alltid har gjort og vi ønskjer å byggje Atløysambandet. Det er eit viktig prosjekt, seier ho. Også Trude Brosvik og KRF er positive. – Det er ikkje lenge sidan denne saka var i fylkestinget. Fylkestinget gav ei ramme til å forhandle fram ein kontrakt. Det har dei klart og då skal vi fullføre prosjektet. Også Venstre og SV seier ja til Atløysambandet. Verken Senterpartiet, Arbeidarpartiet eller Frp har så langt bestemt seg i saka. Men alle dei tre partia har tidlegare vore positive til Atløysambandet. Det einaste partiet som er direkte negativ er MDG.

ANNONSE
VM-Festen Bergen