Ein person send til sjukehus etter brann på Stord
Politiet melde like over klokka 18 at det brann i eit rekkehus på Stord. Det er fire bueiningar i rekka. Politi, ambulanse og brannvesenet rykte ut til staden der det blei observert røyk, men ikkje flammar. – Det er meldt om mykje røyk på staden og mykje varme i huset, seier Svein Nesse i 110 Sør-Vest til NRK like før 18.30. Dei har gått inn med røykdukkarar i bustaden. Like etter 18.30 blei brannen meldt sløkt. Ein person er teken med ut av bustaden og send til sjukehus. Det skal ikkje vera fleire involverte.