Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Staten tenar milliardar på høge straumprisar

Oslo i skumring FOTO: Anders Fehn/NRK
Oslo i skumring FOTO: Anders Fehn/NRK

Sjølv om regjeringa må betale meir enn planlagt for norgespris-ordninga, sit staten att med ein nettogevinst på 4,3 milliardar kroner etter årets første månader. Nye utrekningar frå Fornybar Norge viser at staten tente rundt 13,6 milliardar kroner på kraftinntekter i første kvartal. Samstundes har staten brukt om lag 9,3 milliardar kroner på å dekkje fastprisavtalane i norgespris-ordninga. Dermed går rekneskapen solid i pluss for statskassa, trass i ein varsla kostnadssprekk. Statsminister Jonas Gahr Støre stadfesta nyleg at ordninga blir dyrare enn dei 9,1 milliardane som opphavleg var sett av i statsbudsjettet. Prishoppet på energi, mellom anna som følgje av krigen i Midtausten, er hovudårsaka til dei auka utgiftene. Dei oppdaterte tala for både utgifter og inntekter kjem i revidert nasjonalbudsjett i mai.

ANNONSE
Sande Auto - MGS5-EV