Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Luftsportsutøvar flaug inn i tre

Området der det har skjedd ei luftsportsulukke FOTO: June Erdalsdal Kolstad/NRK
Området der det har skjedd ei luftsportsulukke FOTO: June Erdalsdal Kolstad/NRK

Ein luftsportsutøvar har floge i eit tre på toppen av Åberge i Sogndal kommune. Politiet fekk klokka 12.17 melding frå ein person i Sogndal sentrum som såg fallskjermen henge i eit tre. Situasjonen var lenge uavklara, men politiet fekk kontakt med paragliderpiloten som stadfesta uhellet. Naudetatane har teke seg fram til personen. – Politiet og brannvesenet har kome seg fram til mannen. Han framstår uskadd og går saman med redningsmannskap ned att til vegen, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Politioverbetjent Stein Helge Selland seier at området er kupert og bratt. Like etter klokka halv to melder politiet at dei avsluttar på staden.

ANNONSE
Let's Pixel AS