Store skader etter brannen i Måløy

Det er store skader på leilegheitskomplekset som tok fyr i Måløy tysdag. I tillegg til leilegheitene som har brent, er heile bygget prega av vass- og røykskadar. – Inntrykket i går var at bygget er totalskadd, men det må vi ta nye vurderingar på, seier Stian Lauritzen, fungerande tenestestadsleiar ved Måløy politistasjon. Det er uvisst når dei 20 evakuerte kan flytte heim igjen. Bygget er sperra av til politiet har fått gjort nødvendige undersøkingar. Det er framleis ukjend kvar brannen starta og kva som er brannårsaka. Politiet har bedt krimteknikarar om hjelp til å gjennomgå bygget. Bygget inneheld elleve leilegheiter og næringsareal.