Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Vil ha fleire bruer i staden for ferjer

Frp, Høgre, Senterpartiet og KrF har gått saman om eit forslag til forbetring av ferjeavløysingsordninga. Forslaget vil dermed ha fleirtal i Stortinget, skriv Høgre i ei pressemelding. Målet er fleire vegprosjekt som gjer at ferjer på fylkesvegar kan erstattast. Eit ferjeavløysingsprosjekt inneber at det blir bygd eit nytt vegsamband som erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband. Prosjekta blir delvis finansierte med dei pengane som elles ville gått til å subsidiera ferjedrifta. Atløysambandet i Vestland er eit døme på eit planlagt prosjekt med ferjeavløysingsmidlar. – Ferjeavløysingsordninga blir med dette ytterlegare forbetra slik at endå fleire prosjekt kan realiserast utan auka bruk av bompengar eller fylkeskommunal medfinansiering. Det er godt nytt for mange øysamfunn, seier stortingsrepresentant, Helge André Njåstad frå Frp. I pressemeldinga kjem stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Høgre med eit stikk til Arbeidarpartiet: – Ferjeavløysingsordninga bør bli betre. Det gir eit fleirtal på Stortinget regjeringa no klar beskjed om. Dessverre er ikkje Arbeidarpartiet einig.

ANNONSE
Let's Pixel AS