Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Golv i sauefjøs kollapsa i Stryn

Brannvesenet har rykka ut etter melding om at golvet i eit sauefjøs i Stryn har kollapsa. Det skal ha vore opp mot 120 sauer i fjøset. Det er ukjent kor mange av dei, som har falla ned i møkkakjellaren. Politi og brannvesen jobbar saman med eigar for å få sauene ut av fjøset. – Vi er på staden med eigar og veterinær og jobbar med å redde ut flest mogleg av desse sauene, seier Trond Landås, vaktoperatør i 110 Vest.

ANNONSE
Octavian Forlag - Goldfinger