Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Bil køyrde inn i murkant i Mathopen

Politi og brannvesen rykte tysdag morgon ut etter melding om eit mindre trafikkuhell på Skarafjellet i Mathopen i Bergen vest. Naudetatane vart varsla via så kalla e-call i bilen, ifølgje Vest politidistrikt. – Bilen har køyrt i støypekant, airbag løyst ut, berre førar i bilen. Ikkje meldt om personskadar, skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Bilen står på ein murkant, og det er mindre materielle skader. Det er ikkje meldt om trafikale problem, og klokka 07.19 er bergingsbil på veg.

ANNONSE
Let's Pixel AS