Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Ikkje paraglider-ulukke på Tysnes

Nødetatane rykka i 17-tida ut til Ilefjellet på Tysnes etter melding om ein paraglider som verka til å vere i naud. Ein halv time seinare melde Vest politidistrikt at luftambulansen er på staden og hadde i kontakt med ein person som har utstyr og skjerm som kan passe til vitneobservasjonen. – Vedkomande stadfestar å ha floge i området og at han har landa kontrollert, skreiv operasjonsleiar Ole Ronny Olsen. Det er ikkje gjort andre funn i området som tilseier at det har vore ei ulukke eller at nokon treng hjelp. Alle naudetatar avsluttar derfor aksjonen. – Vi veit ikkje kva som har skjedd enno fordi observasjonen er gjort på avstand. Meldaren oppfatta at det var feil i skjermen og at personen såg ut til å hamne i bakken på ein stad som var unaturleg å lande, sa Olsen til NRK i starten av aksjonen. – Vi tek difor høgde for at personen er skadd og rykker ut.

ANNONSE
Octavian Forlag - Goldfinger