Melding om brann i gassgrill - har fått kontroll
Politiet har fått melding om brann i ein gassgrill i Seiersbjerget i Bergen. Grillen står nær ei meter frå ein garasje. Brannen har førebels ikkje spreidd seg til bygget. Politiet og brannvesen er på veg til staden. 110 Vest melder klokka 16.55 at dei har kontroll. - Det er dermed ikkje fare for at brannen kan spreiie seg, seier vaktleiar Jostein S. Hauge. Kva som har gått gale, veit han ikkje. Grillen står no i god avstand til garasjen.