Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Steinras i Stad - må berge ut bilar

Stigedalsvegen fv. 651 er stengt ved Velle i Stad kommune etter eit steinras. – Vi er på staden og fjernar bilar som står fast på begge sider, skriv politiet. Entreprenør på staden for opprydding og vidare vurdering. Truleg vil det verte kalla ut geolog, opplyser trafikkoperatør Tom Erik Engelstad i Vegtrafikksentralen. Dei kjenner ikkje til at nokon har blitt skadde i hendinga. - Det skal vere ein del mindre steinar og nokre større. Den største er på ein kubikk. Vegen er stengt og vil verte det utover. Entreprenøren er ikkje komen fram enno. Omkøyring er europavegen via Hornindalsvatnet og Volda.

ANNONSE
Octavian Forlag - Sonderlager