Oppskrift klar for å unngå trafikkaos

Dersom lysreguleringa ikkje får unna trafikken på mellom Bu og Kyrkjenes, har Statens vegvesen klare både følgjebil og trafikkdirigentar ved Hardangerbrua. Strekkja på riksveg 13 i Hardanger er kvar sommar ein flaskehals og det oppstår tidvis trafikkaos. Tiltaket med følgjebil og trafikkdirigentar varer ut fellesferien. Vegvesenet ber folk rekne ekstra god tid og tilrår ferjesambandet Tørvikbygd-Jondal som omkøyring.