Brann i traktor sløkt i Sunnfjord
Brannvesenet rykte ut til ein gard i Viksdalen i Sunnfjord etter ei melding om brann i ein traktor. Klokka 11:47 melder politiet at brannen er sløkt. Traktoren står nokre meter frå eit fjøs, men det er ingen dyr i fjøset. – Folk på staden har gjort ein god jobb med på hindre spreiing av brannen til fjøsen, seier vaktleiar i brannvesenet Tore Fanebust.