Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Fleire pågripne med «svært betydelege mengder» narkotika i Bergen

To personar vart onsdag kveld pågripne og sikta for grov narkotikakriminalitet i Bergen. – Dei er sikta for både oppbevaring og sal av narkotika. Det er snakk om svært betydelege mengder, seier politiadvokat Jørgen Henriksen i Vest politidistrikt. Fredag ber politiet om at dei to, som er utanlandske statsborgarar, blir fengsla i fire veker med fullstendig isolasjon. – Det ber vi om fordi vi står overfor ei alvorleg sak, kvar vi ønsker å få tid og ro til å etterforske, utan at dei har høve til å øydelegge. Torsdag vart ein tredje person pågripen og sikta samband med same sak. Vedkomande er norsk statsborgar og skal avhøyrast før politiet vil ta stilling til om dei vil be om fengsling. Denne saka er ein av fleire pågåande narkotikasaker i Vest politidistrikt no. – Vi har fokus på nettverk som driv med store mengder narkotika, og forsøker å kome til botn i aktiviteten og alle dei negative følgene som kjem i kjølvatnet av dette. Så vi har eit høgt trykk på desse sakene no, seier Henriksen.

ANNONSE
Let's Pixel AS