Skal ha delt overgrepsmateriale av born
Ein mann i 40-åra er sikta for oppbevaring og deling av overgrepsmateriale av born i sosiale medium. Mannen vart pågripen i ein av Bergen sine nabokommunar. Politiet vart varsla om mannen av det amerikanske National Center for Missing & Exploited Children for eitt år sidan. – Vi har ikkje hatt kapasitet før no til å pågripe, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen. Mannen er avhøyrd, og nektar straffskuld. Det er førebels uvisst om han blir framstilt for fengsling. – Vi har gjort beslag i mobil, PC og sosiale medium, som vi analyserer no, seier Dahl-Michelsen.