Russ til legevakt etter valdshending
Ein 18 år gammal mann blei i natt frakta til legevakt i ambulanse etter ei valdshending ved bussterminalen på Lagunen i Bergen. Mannen, som er russ, skal ha blitt slegen i hovudet med ei flaske og fekk eit kutt. Politiet fekk melding om hendinga klokka 01.00 og rykte ut til staden. Her søkte dei etter dei mistenkte, men fann dei ikkje. Eit vitne til hendinga såg tre gutar forsvinne frå staden. Desse var ikkje russ, men såg ut til å vere yngre. Politiet opprettar sak og etterforskar den vidare, skriv Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.