Vil kutte russetida til ni dagar – russen rasar

Landets fylkeskommunar vil korte ned russefeiringa i 2027 til berre ni dagar, frå 14. til 23. mai. Målet er å minke fråværet og gi meir ro til undervisning før dei siste eksamenane og karakterane. Forslaget vekkjer sterke reaksjonar hjå russen, skriv Bergens Tidende. Elevar ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen kallar framlegget useriøst. Mange har alt brukt mykje pengar og fryktar ei stressa «panikkfeiring».