Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Åtte ungdomar tekne i narkosak

Politiet i Bergen tok tysdag kveld med seg åtte ungdomar som var samla ved Årstad vidaregåande skule. Den yngste skal vere rundt 18 år, medan resten er i 20-åra. – Ein person er pågripen og sikta. Dei sju andre er innbragt. No kjem vi til å sleppe alle saman, men vi opprettar saker og har gjort beslag, seier jourhavande politiadvokat Erling Melvær i 22-tida. Politiet har mistanke om at dei kom over ein salssituasjon ved skulen. Det skal vere teke beslag i hasj. Då politiet ville kontrollere ungdomane, la dei på sprang i alle retningar. – Vi hadde fleire patruljar på staden, opplyste operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt

ANNONSE
Sande Auto - MGS5-EV