Nina Langeland utnemnd til riddar av St. Olavs Orden
UiB-professor Nina Langeland er utnemd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Langeland, som har trått sine barnesko i Høyanger, får den høge utmerkinga for den mangeårige innsatsen sin innan medisinsk forsking og utdanning. Ho har i fleire tiår vore ein leiande internasjonal ekspert på infeksjonssjukdommar, og spelte mellom anna ei sentral rolle under Giardia-utbrotet i Bergen i 2004 og under koronapandemien. I dag leiar ho forskingssenteret CAMRIA, der ho forskar på antibiotikaresistens. Kongen tildeler St. Olavs Orden til personar som har gjort ein framifrå innsats for fedrelandet og menneskeslekta.