Mann fall i sjøen ved Mathallen
Naudetatane har rykt ut til Mathallen ei Bergen etter melding om ein mann som har falle i vatnet. – Brannvesen framme. Personen har kome på land, opplyser operasjonsleiar Jan Børg Misje ved Vest politidistrikt. Personen får no tilsyn av helsepersonell. Han skal vere nedkjølt og noko våt. – Skal ha sklidd ved ilandstiging frå båt, opplyser Misje. Misje opplyser til NRK at forbipasserande sleit med å få mannen opp frå sjøen, og at dei måtte jobbe for å halde han fast til kaien.








%20og%20kontrollant%20Ruben%20Stenevik%20(t.h.)%20etter%20best%C3%A5tt%20ferdighetspr%C3%B8ve%20p%C3%A5%20Stord%20lufthamn%20S%C3%B8rstokken%20Foto%20Sindre%20Skrede.jpg)









