Nær 60 km/t over fartsgrensa

Den unge nordfjordingen vart målt til 117 km/t i 60-sona aust for Nordfjordeid sentrum. No er han dømd til 14 dagar i fengsel og 18 månader utan førarkort. – Dette var en ekstrem fart i en 60-sone, melde den lokale politipatruljen etter målinga i mai i år. – Slik hastigheit er farleg. Eit lite feilgrep kan få alvorlege følgjer, og ein utset seg sjølv og andre for unødvendig risiko. Mannen tilstod utan atterhald, noko Sogn og Fjordane tingrett vurderte som formildande.