Krev løysing etter gjentatte båtproblem for Askøyruta
Det har vore ein rekkje innstilte avgangar for Askøyruta mellom Kleppestø og Strandkaien på grunn av ladeproblem for dei nye elektriske båtane. Saka vart teken opp i fylkesutvalet onsdag. – Askøybåten er den raskaste måten å kome seg til byen på, og med tanke på den køsituasjonen vi har på Askøy og Sotra, er dette ein uhaldbar situasjon, seier Stian Davies til avisa Askøyværingen. Frå måndag til onsdag denne veka vart 17 av 139 turar innstilte i rushtida. Skyss beklagar overfor dei reisande og forklarar trøbbelet med ny teknologi i ein innføringsfase.