Brann i russebuss i Bergen
Det har brote ut brann i ein russebuss på Blomsterdalen i Bergen søndag ettermiddag. Nødetatane fekk meldinga om brannen klokka 14.29. Det skal ikkje vere nokon personar inne i bussen, og det var heller ikkje spreiingsfare då brannvesenet fekk meldinga. Mannskap frå både Laksevåg og Fana brannstasjon rykka ut til staden, og klokka 14.43 opplyste brannvesenet at dei var framme og var i gang med sløkkjearbeidet.