Brannvesenet har kontroll på terrengbrann i Gloppen

Det brenn i terrenget ved Fitjevårstøylen i Gloppen. Brannmannskapet er på veg til brannen. I følgje 110 Vest brenn det i eit område på rundt 100 ganger 100 meter. Det er førebels ikkje kjent om bustadhus er truga. Helikopter er på plass og har starta sløkjingsarbeid. Brannvesenet melder 12:50 at dei har fått kontroll på terrengbrannen. Det går no føre seg ettersløkking i området. Politiet har kome i kontakt med turgåarane som melde frå om brannen. Det er ikkje opplyst om dei har fått skadar etter å ha vore utsette for røyk.