Mogleg ransforsøk i Bergen – truga person med kniv
Ein person skal ha blitt truga av to personar i Bergen sentrum, der det har blitt vist fram kniv. Andre personar i nærleiken skal også ha blitt truga. Hendinga skjedde kl. 20.12 og politiet trur at det kan dreie seg om eit forsøk på ran. Gjerningspersonane skal ikkje ha fått med seg noko og forsvann frå staden på elsparkesykkel etter kort tid. Politiet har så langt ikkje sett noko til dei to mistenkte. Ingen personar har blitt skadde i samband med hendinga.