Luftambulansen har funne turgåar på Liastølen i Eidfjord
Ein luftambulanse rykker ut til Liastølen i Eidfjord kommune etter melding om ein turgåar som treng hjelp. – Pasienten er skadd, men det er uvisst kva som har skjedd. Mogleg at pasienten har kutta seg eller liknande, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt. Hovudredningssentralen kommuniserer med turgåaren på melding, men har ikkje fått kontakt verbalt. Klokka 16.30 var helikopteret i området og leita etter pasienten, som dei raskt lokaliserte.