Gir seg etter 22 år som dommar

Steinar Hauge legg både dommardrakta og fløyta på hylla. Det varslar han sjølv på Facebook. 48-åringen har dømd over 200 kampar i 1. divisjon og Eliteserien. Han vart henta opp som dommar til Eliteserien til 2023-sesongen. Hauge tok rekrutteringskurs som dommar i 2005 etter 20 år som aktiv fotballspelar. Søndag dømde han 1. divisjonskampen Haugesund - Odd som sin siste kamp. – Det er først og fremst menneska, vennskapa, fellesskapet, latteren og alle dei gode minna eg tek med meg, skriv han.








%20og%20kontrollant%20Ruben%20Stenevik%20(t.h.)%20etter%20best%C3%A5tt%20ferdighetspr%C3%B8ve%20p%C3%A5%20Stord%20lufthamn%20S%C3%B8rstokken%20Foto%20Sindre%20Skrede.jpg)









