Båtførar teken for ruskøyring etter kollisjon i Øygarden

Politiet har no avslutta søket etter ein 16 fots fritidsbåt som kolliderte med ein lastebåt ved CCB Ågotnes. Båteigaren er funnen, og han har vedgått at det var han som køyrde båten. Politiet mistenker at mannen var rusa då hendinga fann stad. Dei følger saka vidare, melder operasjonsleiar Ole Ronny Olsen. Fritidsbåten heldt ein fart på 10–15 knop då han ramma lastebåten som låg til kai ved Tranholmen. Hendinga vart fanga på video. Etter samanstøytet køyrde båten vidare sørover mot Geitanger utan å stanse, noko Hovudredningssentralen skildra som unormal oppførsel. Det vart sett i gang ein aksjon for å finne båten, både for å avklare skadeomfang og for å sjekke om føraren trengte hjelp. Aksjonen vart avblåst klokka 19.41 då politiet fekk kontroll på både båt og førar.