Mann i arresten etter fleire brannar ved hus og busstopp
Ein mann i byrjinga av 40-åra er i arresten, mistenkt for fleire brannar på Laksevåg i natt. Det var klokka 00.23 politi og brannvesen fekk meldingar om fleire mindre brannar i bosspann. Den eine ved eit busstopp og den andre ved eit bustadhus. Brannane blei raskt sløkte. Det hadde vore fare for spreiing til bustadhuset om ikkje brannvesenet ikkje hadde teke hand om den, seier Rebnord. Ein mann som stemmer overeins med tips frå ein innringar, er arrestert. Innringaren stussa over åtferda til mannen. Så langt kjenner politiet til to brannar. Mannen blir truleg avhøyrt i dag.