Truga med kniv – stakk med penn
Ein mann i 30-åra skal i natt ha truga ein annan mann med kniv i Stryn. Andre deltakarar på grillfesten skal ha tatt kniven frå den mistenkte mannen. Kort tid etter skal mannen ha stukke ein penn i haka på mannen han truga. Han som blei stukken med pennen måtte til legevakta for å sy nokre sting. Politiet har leita etter den mistenkte mannen, men har framleis ikkje funne han. – Men politiet har ei fomeining om kven det er, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt. Det er oppretta sak på trugslar og kroppsskade.