Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Politiet køyrde inn i bil etter dramatisk biljakt: – Forsøkte å køyra på politiet

Politiet på Voss forsøkte laurdag kveld å stansa ein bil dei meiner burna på ein parkeringsplass i sentrum. Då patruljen gjekk mot bilen til fots, oppfatta politiet det som at føraren forsøkte å køyra på dei. Mannskapa måtte hoppa til sides før bilen forsvann frå staden i høg fart. Etter eit søk fekk politiet ny kontakt med bilen. Då vart han stoppa ved at politiet køyrde på bilen med vilje. Fleire politibilar var involvert i politiaksjonen. Eit vitne som såg delar av biljakta har uttalt seg til avisa Hordaland: – Det såg ut som ein skikkeleg politijakt, der politiet fysisk skviser ein bil av vegen. Både politibil og den jakta bilen er godt skada, seier tipsaren til lokalavisa. To personar blei ifølge tipsaren frakta vekk i handjern. NRK har laurdag kveld ikkje lukkast å få ein kommentar frå politiet.

ANNONSE