Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Arbeidsbåt gjekk på grunn i Hardangerfjorden – grunne skal ikkje ha vore merkt i kart

Ein 15 meter lang arbeidsbåt, med tre personar om bord, gjekk natt til torsdag på grunn utanfor Kysnes i Hardangerfjorden. Grunnstøytinga skjedde cirka 50 meter frå land. Meldinga til naudetatane kom rett før klokka 03.00. – Det vart sendt både politi, brannvesen, redningsskøyte og sivil båt til staden. Innleiingsvis var det usikkert om det var skade på båten, seier operasjonsleiar Tore-André Brakstad i Vest politidistrikt. Grunnstøytinga skjedde i låg fart, og det var ikkje meldt om personskade. Båten kom seg etter kvart av grunnen for eigen maskin. – Ei undervassdrone har inspisert skroget, og ikkje funne skader, seier Brakstad. Ifølgje politiet kan årsaka til ulukka vera dårleg merking på sjøkart, og mangel på samsvar mellom djupne på kart og faktisk djupne i sjøen. – Det er ikkje mistanke om promille, seier Brakstad.

ANNONSE
Let's Pixel AS