Osterøybrua nattestengd tre helger i november
Vedlikehaldsarbeidet på Osterøybrua nærmar seg slutten, men det er framleis nokre periodar med stenging att, opplyser Vestland fylkeskommune. Frå 7. november klokka 19 til 8. november klokka 09 er brua stengd. Dei same tidspunkta gjeld for 21.–22. november og 28.–29. november. Det kan også bli aktuelt med ei fjerde nattestenging. Det blir sett inn ferje mellom Valestrand og Breistein medan brua er stengd.

















.jpg)


