Båt har gått ned ved kai i Tysnes
Ein lengre arbeidsbåt har sokke ved Flatråker kai i Tysnes kommune. Det skal ikkje ha vore personar om bord i båten då han gjekk ned. Det skal vere ein del diesellekkase frå båten. Brannvesenet er på veg til staden for å leggje ut lenser og avgrense eit eventuelt utslepp. – Vi må få kontroll på forureininga, seier Tore Fanebust i Brann 110.










%20og%20kontrollant%20Ruben%20Stenevik%20(t.h.)%20etter%20best%C3%A5tt%20ferdighetspr%C3%B8ve%20p%C3%A5%20Stord%20lufthamn%20S%C3%B8rstokken%20Foto%20Sindre%20Skrede.jpg)









