Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Turistar stod fast ved Hornelen – fekk hjelp av redningsskøyta

To turistar fekk problem på veg ned frå landemerket Hornelen i Bremanger kommune tysdag kveld. Det er den høgaste sjøklippa i Europa. – Dei kom vekk frå stien, det vart mørkt, og dei hadde berre lys på mobilane. Til slutt stod dei heilt nede i vasskanten, og ringde då etter hjelp, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Den beste løysinga vart å senda redningsskøyta, som plukka opp turistane i området ved Hæleneset. Dei vart frakta inn der dei hadde parkert bilen.

ANNONSE
Let's Pixel AS