Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Fotballbanen vart knust – etter to år blir det rassikring

Steinras på fotballbanen til Dale IL i Vaksdal FOTO: Leif Rune Løland/NRK
Steinras på fotballbanen til Dale IL i Vaksdal FOTO: Leif Rune Løland/NRK

Påsken for to år sidan trefte enorme kampesteinar fotballbanen i Dale i Vestland. Sidan har banen vore avstengd og ubrukeleg. Men i kveld vedtok eit samrøystes Vaksdal kommunestyre å gi 8,1 millionar kroner til rassikring og nytt idrettsanlegg for Dale IL Det skal byggast rasvoll og ny kunstgrasbane på den gamle grasbana som ligg like ved den rasråka kunstgrasbana, skriv Vaksdalsposten. Resten av finansieringa kjem frå private gjevarar, der den største er Trond Mohn. Initiativtakar Edvin Hesjedal er svært glad, og lovar at banen kan takast i bruk til våren. Prosjektet skal etter planen vera heilt ferdig innan 31. desember 2027.

ANNONSE
VM-Festen Bergen