Bil tippa over på Askøy
Ein bilførar svinga for brått av i eit vegkryss ved Kjerrgardsvika på Askøy og tippa over på den eine sida. Uhellet skal ha skjedd med låg fart. Mannen i 80-åra var åleine og melde sjølv frå. Han er ute av bilen og skal ikkje vere skadd. Naudetatane er på staden. Bilen ligg på sida, midt i vegen. Bilbergar er bestilt. Det er ingen lekkasjar frå el-bilen.