Eirik Bakke held fram som mellombels trenar

Eirik Bakke held fram som mellombels hovudtrenar for A-laget til Sogndal Fotball til og med 7. september. – Vi er glade og takksame for at Eirik stiller opp for å hjelpe klubben sportsleg, skriv Sogndal Fotball i ei pressemelding. Bakke kom inn som trenar i slutten av juni etter at fotballaget ville greie ut bekymringsmeldingar som har kome mot trenar Luis Pimenta.