Sett i gang redningsaksjon etter at turistar meldte om problem i fjellet i Aurland
Politiet har kalla ut frivillige mannskap for å hjelpa eit turfølge ned frå Vardafjellet i Aurland, opplyser Vest politidistrikt. – Me har fått beskjed frå eit turfølge, truleg på to utanlandske turistar, at dei trengde hjelp. No er me i gang med å kalla ut mannskap, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt. Ifølgje politiet skal dei ha både telt, sovepose og væske, men det er dårleg vêr i området. – Det er ikkje sommarvêr i området, og fjellet er 1.300 meter over havet, seier Johannessen. Førebels er det berre mannskap til fots som er sett inn, opplyser han klokka 08.30. Turistane skal ha meldt frå om problem i 07.30-tida onsdag morgon. Hovedredningssentralen var varsla av turistane via et globalt responssenter. Dei setter ikkje inn helikopter. – Det er ikkje behov for det no, seier vakthavande redningsleiar Cecilie Øversteen i HRS Sør-Noreg.