Høgskulen på Vestlandet får 60 EU-millionar til psykisk helse

Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde får 5 millionar euro – rundt 60 millionar kroner – til eit internasjonalt forskingsprosjekt som skal sjå nærare på unge og psykisk helse. Gjennom prosjektet, som skal testast ut i Helse Førde og ved andre studie- og arbeidsplassar i åtte land – er målet å finne verktøy som kan vere til hjelp før ein må gå til lege eller psykolog. Forskar Christian Moltu (bildet) understrekar at det er svært krevjande for unge å falle utanfor i denne livsfasen.