Ikkje funn etter sakna mann i Stryn

Denne helga har frivillige i Stryn utført nye søk etter Christoffer Ordahl. Ordahl la ut på fjelltur i mai 2024, men kom aldri tilbake. Ingen veit kva som skjedde med han. Mellom anna var fire hundar frå Redningshunder i Aksjon med i søket. Det har blitt leita i nye område som det ikkje har blitt leita i før, mellom anna i eit steinras, men utan resultat. Aksjonsleiar Lise Mari Kasin-Paulsen seier det er eit krevjande område å søke i. – Det er så mange skrentar og område som vi ikkje kjem til i. Noko som gjer det vanskeleg å seie om vi har dekt området godt nok.
















