Fire kvinner promillekøyrde i Vestland i natt
Politiet har stansa fire sjåførar i natt, mistenkt for å køyrde i alkoholrus. Tre av tilfella var i Bergen. Det er snakk om ei kvinne i 40- åra, og ei kvinne i 30-åra. Sistnemnde hadde heller ikkje førarkort. I tillegg fekk politiet melding om ein bil med naudblink i Fløyfjellstunnelen. Det låg deler frå bilen i tunnelen. Politiet fant bilen og sjåføren i Kanalveien. Kvinna her var 19 år. Den fjerde kvinna køyrde i Sunnfjord, og køyrde av vegen mellom Førde og Moskog. Ho vart ikkje skada.