Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Hydro-verka leverer milliardoverskot

Personer på et aluminiumsverk. FOTO: Eli Bjelland/NRK
Personer på et aluminiumsverk. FOTO: Eli Bjelland/NRK

Hydro-verka i Vestland leverte svært sterke resultat i tredje kvartal i år. Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet. Hydro Årdal hadde det beste resultatet med eit overskot på 1,2 milliardar kroner i kvartalet, medan Hydro Husnes hadde eit overskot på 948 millionar kroner. Hydro Høyanger enda på 291 millionar kroner. Til saman gav det eit overskot på om lag 2,46 milliardar kroner for dei tre verka. Ifølgje selskapet er det høge aluminiumsprisar, sterk etterspurnad og høg produksjon som ligg bak dei gode tala. – Vi har aldri sidan oppstarten i 1965 produsert meir metall i eit kvartal, seier fabrikksjef ved Husnes. Jon Ola Ystgaard. Også i Årdal er det rekordstemning. – Vi leverer kvartalsresultat over ein milliard kroner for første gong i historia, seier fabrikksjef, Anveig Bjordal Halkjelsvik. Så langt i år har dei trek verka samla levert eit overskot på nær 5,9 milliardar kroner.

ANNONSE
iOslo
ANNONSE
Lysetunet
ANNONSE
Vision Healthcare - Collaxan
ANNONSE
Octavian Forlag - Sonderlager
ANNONSE
Octavian Forlag - Sonderlager
ANNONSE
Lysetunet
ANNONSE
Vision Healthcare - Collaxan
ANNONSE
Lysetunet
ANNONSE
Octavian Forlag - Sonderlager
ANNONSE
Vision Healthcare - Collaxan
ANNONSE
iOslo
ANNONSE
Lysetunet
ANNONSE
Baronsgården
ANNONSE
Sandviksbodene
ANNONSE
Sandviksbodene
ANNONSE
Lysetunet
ANNONSE
Lysetunet