Sprit på DNT-hytte i Luster kommune fekk fyr på politisk debatt

Det vart høg temperatur under ein debatt i formannskapet i Luster kommune denne veka. Årsaka var søknad om å få lov til å servera øl, vin og sprit på DNT-hytta Nørstedalsseter i Breheimen, skriv Sogn Avis. I innstillinga frå kommunedirektøren gjekk han inn for grønt lys til øl og vin frå 08 til 01.30, og sterkare saker enn 22 % frå klokka 13 til 01.00. Men han innrømma at det var i grenseland. Ole Martin Brennsæter (KrF) meinte det var feil å tilby sprit på ei turisthytte med familiar og andre besøkande. Men fekk svar frå Geir Arve Sandvik (H), som meinte det ikkje var skilnad på ei DNT-hytte og eit kva som helst hotell i kommunen. Som både kan servera sprit, og har familiar og andre på besøk. Til slutt vart det grønt lys for både øl, vin og sprit i fjellheimen, skriv avisa.