Har identifisert valdsoffer i Bergen 17. mai
Politiet veit no kven det var som blei utsett for vald 17. mai i Bergen. Ein video publisert på nettet viser fleire som går til åtak på ein russ. Politiet veit førebels ikkje kven det var som gjekk til åtak, og ber publikum om tips. Politiadvokat Silje Åsnes fortel til NRK at dei no har oppretta sak, etter at videoen blei omtalt i media. Åsnes seier dei ser svært alvorleg på valden, sidan offeret blei utsett for fleire spark og slag mot hovudet. Saka blir etterforska som grov kroppsskade.