Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Lasta ned over 4000 overgrepsbilete i 26 år

Ein mann i 40-åra må sone ni månader i fengsel etter å ha lasta ned overgrepsbilete i 26 år. Totalt hadde mannen 4135 bilete og videoar der dei fleste offera var under ti år. Mannen tilstod alt i Sogn og Fjordane tingrett. Han lasta ned filer frå 1999–2025. Særleg alvorleg er grovskapen i overgrepsbileta/videoane, alderen på borna og kor lenge mannen har lasta filene ned, står det i dommen. Mannen må også gi frå seg seks datamaskiner, ein mobil, harddiskar og VHS/CD-ar.

ANNONSE