Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Cruiseskip sit fast med tekniske problem på Eidsfjorden

Cruiseskipet «Spirit of Adventure» fekk trøbbel då det skulle reise frå Nordfjordeid tysdag kveld, og blir liggande på anker heile onsdag. Hamnesjef Arild Åshamar opplyser til Fjordabladet at skipet har tekniske utfordringar om bord, og at mannskapet difor valde å kaste anker på fjorden til dei har løyst problema. Skipet kom til Nordfjordeid ved lunsjtider tysdag. Onsdag må passasjerane bli frakta inn til land med mindre tenderbåtar.