Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Arresterte personar ved hotell i Bergen

Eit hotell i Bergen sentrum melde fredag om nokre mistenkelege personar som mogleg var i rådvelde av tjuvegods. Klokka 11.30 trefte ein politipatrulje tre personar som passa til skildringa, like utanfor hotellet. Personane var i rådvelde av ein del gjenstandar. Politiet gjer undersøkingar på staden. – Desse personane har truleg tatt seg inn ein sideport til hotellet, kome seg inn på eit teknisk rom og tatt med seg ulike gjenstandar. Blant anna fleire PC-skjermar, berbare PC-ar og drikkevarer, opplyser operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad i Vest politidistrikt. Gjenstandane som tilhøyrer hotellet, er levert tilbake. Politiet har tatt andre gjenstandar i beslag. Tre personar er bortvist frå Bergen sentrum og vil bli melde.

ANNONSE
Sandviksbodene